Lise Meitner

Lise Meitner (7. november 1878–27. oktober 1968) var ein austerriksk-svensk fysikar. Ho gjorde framtredande studium i kjernefysikk og radioaktivitet, men opplevde motgang gjennom å vera av delvis jødisk opphav i Det tredje riket, og ved at ho var kvinne i ei tid der mange meinte hennar kjønn ikkje hadde noko å gjera innan naturvitskap. I dag vert Lise Meitner sett på som ei av dei mest produktive kvinnelege forskarane i det 20. hundreåret. Ho hadde ein sentral rolle i arbeidet med fisjon, og det var ho som først forstod kva som skjedde når ein sendte nøytron mot uran. Albert Einstein var ein av vitskapsmennene som hadde stor respekt for Meitner, og han kalla henne «vår madame Curie». I ettertid er Meitner blitt kjend for ikkje å ha blitt tildelt nokon nobelpris, medan kollegaen Otto Hahn fekk Nobelprisen i kjemi for arbeidet med fisjon i 1945.


Developed by StudentB